
Fitjar kommune inviterte inn til heidersfest for tilsette som har blitt pensjonistar eller har jubileum som kommunetilsett i dag.
Latteren frå gjengen samla på Fitjar Fjordhotell kan høyrast langvegsfrå, og vitnar om svært god stemning på heidersfesten. Gjestane bekreftar påstånden, og skryter av maten og selskapet.
– Ja, det har vore veldig kjekt, fortel Gerd Lillan Volden Nedal. Ho har jobba i Fitjar kommune i 11 år, og før det jobba ho i Stord kommune.
– Til saman har eg jobba i 21 år i kommunane på øya.
28 år i snitt
Ordførar Harald Rydland har rekna på gjennomsnittet.
– Gjennomsnittet på dei til stades på feiring her i dag, er på litt under 28 år kvar i Fitjar kommune. All respekt og æra til desse flotte folka, avsluttar Rydland.
Liv Bod, Bjørn Haaland og Steinar Jonassen var ikkje til stades.