For 45 år sidan vart Fitjar Musikkforening starta. Tre personar har vore med frå starten.

Tysdag kveld er øvingskveld for Musikkforeningen i Fitjar. Så også denne tysdagen, men det vart ikkje ei vanleg øving. Det er 45 år sidan oppstarten, og medlemene  i Indremisjonsforeningen i Fitjar hadde laga til kaldtbord, kaker og kaffi. Det vart ei feststund for dei som møtte. Om lag 35 personar var til stades.

Dei som er med i Musikkforeningen har vore med i kortare eller lengre tid, men tre personar var med då foreningen var starta for 45 år sidan. Bertine Sætre, Lars K. Vik og Nils Vestbøstad har alle år stilt opp med song og musikk.

Magnhild Turøy stod for utdeling av blomar til Nils Vestbøstad og Lars K. Vik. Bertine Sætre meinte tida var inne for å gje seg no, og Lars K. Vik overrekte blomar og gåvekort til henne som takk for innsatsen.