I juli vart det klart at Magne Sandvik vart breibandkunde nr. 1000 i Fitjar Kraftlag SA. I dag vart Sandvik heidra med Ipad og blomar av elverksjef Håvard Singelstad.

 Sandvik gav uttrykk for stor glede, både over å bli breibandkunde nr. 1000, og for det nye breibandet han har fått.

– Eg plar ikkje å vinne, så dette var ei stor overrasking, smiler han, og fortset:

– Då Telenor slutta av fastnettopplegget hos oss på grunn av utbygging av E39, fekk eg eit ekstra puff til å gjere noko med breibandsambandet mitt. Det angrar eg ikkje på. Altibox-opplegget eg no har er både raskare og sikrare enn det opplegget eg hadde før, seier Magne Sandvik, som bur på Engevik.

Ikkje så rart at han er nøgd med hastigheita. Driftsingeniør Edmund Helland kan fortelje om 50 mbits/s både inn og ut.

Svært kjekt
Elverksjef Håvard Singelstad syntest det var svært kjekt å kunne markere abonnent nr. 1000 – og  å dele ut både blomar og Ipad til den heldige.

– Eg vonar sjølvsagt vidare at abonnementstalet aukar i same fart som det har gjort i det siste, legg han til. 

Og kanskje gjer det akkurat det. Berre sidan juli har det kome 19 nye abonnentar til Fitjar Kraftlag sitt breibandopplegg.

Ingressbilete: Magne Sandvik og elverksjef Håvard Singelstad. Foto: Håkon C. Hartvedt