Sigbjørn Aarland hadde mange lovord å gi då han gjekk av som leiar for Fitjar Idrettslag onsdag kveld. Han var svært godt fornøgd med innsatsen i alle ledd i organisasjonen, med miljøet i klubben og samarbeidet med andre næringslivet i bygda.

Men mest ros denne kvelden hadde han til dei to som fekk heidersteiknet for lang og tru teneste i Fitjar Idrettslag, Vibeke Strand Tranøy og Bengt Monry Olsen. Heidersteiknet for lang og tru teneste er ein honnør til medlemmer i Fitjar Idrettslag som har gjort ein stor innsats for laget i fleire år. Vibeke og Bengt Monry føyer seg no inn i rekkja av eldsjeler som har fått sin velfortente heider for arbeidet sitt i idrettslaget.

Vibeke Strand Tranøy har vore instruktør i turngruppa samanhengande i 13 år. Dei 4 siste åra har ho òg vore trenar og oppmann for eit jentelag i fotball. Ei endå meir imponerande merittliste kan Bengt Monry Olsen visa til. Sitt første oppdrag som trenar tok han på seg allereie i 1978, då han trena eit gutelag. Sidan blei det mange oppdrag i fotballen før han ved tusenårsskiftet gjekk over til handball. Dei siste 8 åra har han vore ein engasjert og mykje avhalden trenar for jentelag i handball, og han har ingen planar om å gi seg.

Sigbjørn Aarland poengterte at eldsjeler av denne typen er viktige både for idrettslaget og for heile bygda. Den avtroppande leiaren hadde elles mykje god å seia om organisasjonen han har vore leiar for i fem år. Samarbeidsklimaet har vore godt, og det har vore ein god plass å bli kjent med folk.

Sigbjørn var også fornøgd med situasjonen på anleggssida. Med ny kunstgrasbane, i tillegg til ein flott idrettshall og ein av dei beste grasbanane i mils omkrins, ligg forholda for idrett godt til rette. Utan ein stor dugnadsinnsats hadde ikkje dette vore mogeleg å få til, men Sigbjørn poengterte òg det gode samarbeidet med Fitjar kommune og fleire av dei store bedriftene i bygda. Slik bidrar gode krefter til at Fitjar-bygda blir ein attraktiv stad å bu.

steroidi legali