Leiar for O-gruppa i Fitjar, Rolf-Atle Rolfsnes, vart overraska med uventa heider, like før ei orienteringssprinten starta frå kunstgrasbanen i Fitjar i ettermiddag.

Heideren kom frå Sagvåg, nærmare bestemt frå O-gruppa på den største tettstaden mellom Fitjar og Stord.

Saka er at Rolfsnes laga eit O-kart for området rundt Tjødnalio for ei tid tilbake. Dette kom leiaren for O-gruppa i Solid, Harald Gjøsæther, for øyret, og i ettermiddag stilte han både med gåvekort og gode ord for å takka for kartet.

-Rolf-Atle gjorde ein kjempeinnsats i O-gruppa hos oss før han flytta frå Sagvåg, og når han i tillegg har laga dette kartet som både me i O-gruppa i Sagvåg, og Tjødnalio skule, kjem til å bruke, må han berre ha ei påskjøning for arbeidet han har gjort, sa Gjøsæther under overrekkinga.

-Kjempeoverraskande, men òg kjempeoppmuntrande, repliserte Rolf-Atle.

are anabolic steroids legal