I samband med opninga av revyfestivalen «Berre Galskap» i Fitjar kultur- og Idrettsbygg, fredag kveld, vart Mariann Vestbøstad heidra for sin bronsemedalje under Paralympics i Beijing.

-Fitjar kommune vil  takka deg for det du har gjort. Du har sett Fitjar på verdskartet, og du har eit pågangmot, og ein vilje til å nå måla dine, som er eit føredøme for oss andre. Me er stolte av å ha ein fitjarbu som deg, og uansett kvar du fer i verda, vil du for oss alltid vere fitjarbu, la Rydland til.

Blomar vanka det òg frå leiar i Fitjar Idrettslag, Elin Siglen. Ho peika på at sjølv om Mariann ikkje hadde vore aktiv ut ifrå Fitjar Idrettslag, følte ho at Idrettslaget likevel hadde ein del i ho.

I eit intervju med revygeneral Ole Bergesen, sa Mariann at det var ei stor lette då resultattavla i Paralympics synte at det vart bronse. -Då kjende eg at eg hadde gjort jobben min. Det var jo ekstra nervepirrande at det drygde før resultata kom på tavla. Eg var slett ikkje sikker på kva plass det vart, men heldigvis vart det medalje denne gongen, smilte Mariann, som fekk ein spennande ekstrapresang med seg på kjøpet av Ole Bergesen.

-Så lenge eg har noko med revyar å gjere i Fitjar lovar eg deg gratisbilett, for deg sjølv og ein til, på kvar einaste oppsetning me arrangerer, sa revysjefen.