Overrekkinga av det synlege beviset på at Bjørn Haaland var tildelt kulturprisen til Fitjar kommune var eitt av fleire gode innslag i kultur- og idrettsbygget 17. mai.

 

 

Kulturprisen fekk Bjørn Haaland for innsatsen han har gjort i mange år med Håkonarspelet. Det var i tillegg flotte songnummer av Runar Thor Gudmunsson, Karine Lillenes og Osternes Mannskor. Dei gjorde alle sitt til at det blei ei høgtidsstund ein 17. mai verdig.

 

Karine Lillenes fra»Vår beste dag», med tonefølgje av Elin Sørfonn. Foto: Arne Vestbøstad

 

Det var ein offensiv Ingebrigt Sørfonn som haldt årets 17. mai-tale, der han mellom anna vende seg til ungdommane. – Dei unge er uvurderlege, ikkje berre for framtida, men også for notida, slo Sørfonn fast. Han fortsette med å utdjupa at erfaringar kan vera gode å ha, men også fungera som bremseklossar. Når ein på førehand tenkjer seg til kva konsekvensen av ei handling vil bli, fører det ofte til at ingenting blir gjort, forklarte Sørfonn, før han kom med oppfordringa: – Just do it.

 

Ingebrigt Sørfonn stod for ein engasjerande og tankevekkjande tale. Foto: Arne Vestbøstad

 

 

Å setja ord om til handling var ein gjennomgangstema i talen. Like frå dei som i hui og hast sette seg saman i 1814 for å forfatta ei grunnlov for Norge, til dei som reiste seg mot okkupasjonsmakta i krigsåra og politietterforskar Robin Schaefer, som tok kampen då han i den mykje omtala «Monika-saka» ikkje kunne slå seg til ro med konklusjonen i etterforskinga. Han tok kampen opp mot ein urett han meinte hadde funne stad, ein kamp som han fekk «Fritt ord»-prisen for i 2015. Sørfonn viste også til den skive fordelinga av ressursane i verda, den desperate kampen for eit betre liv som utspelar seg i Middelhavet i desse dagar og tilstandane etter jordskjelva i Tibet.; alle saker som trengst å gjerast noko med. Og som Sørfonn tenkte seg til at dei sa til seg sjølv, dei som tok kampen mot noko dei meinte var feil, treng ein også i dag nokon som seier: Dette går ikkje, eg stiller. Eitt av sitata Sørfonn tok med i talen, var av Martin Luther King Jr. Han sa at den største tragedien er ikkje brutaliteten til vonde menneske, men stilla til dei gode menneska.