Opprykket til 4. divisjon vart feira med alkoholfri champagne og marsipankake, både til spelarane og publikum.

Feiringa fann stad i klubbhuset etter kampen, og mange nytta høvet til å ta del i gleda. 4. divisjon neste år betyr ekstra inspirasjon – både for spelarar og publikum.

Men før sesongen er over i år, skal det spelast om kretsmeisterskap i kamp med dei andre puljevinnarane i 5. divisjon.

I pausen vart trufaste tenarar heidra med blomar av seniorleiar  Roald Drønen. Gerd Træet for for vask av draktene til A-laget, Geir Tore Søreide som baneansvarleg, Martin Hatlevik for oppmerking og Agnar Aarskog for trufast speakerteneste.