Det mangla ikkje på blomstrar og heiderleg omtale under årsavslutninga for fotballgruppa, som blei avvikla saman med 40-årsfesten laurdag kveld.

Eit populært innslag under festen var ein del bilete av ymse lag som har representert Fitjar i 2009. Men endå meir glede vekte nok ein del bilete frå vintercupen og B-lagsmiljøet opp gjennom åra, henta frå arkivet til Ole Bergesen. Alle liker å sjå bilete av seg sjølv teke for nokre år sidan, viser det seg…

Elles så gjekk festen etter oppsett skjema, trenarar og oppmenn fekk blomar. Roald M. Nilsen snakka om dommarane i klubben og nemnde to av våre framgangsrike dommarar; han nemnde spesielt Signe K. Rydland, som i ein alder av 21 har debutert internasjonalt. Og laurdag var ho for første gong hovuddommar i ein toppseriekamp for damer.

A-laget heidra Thomas Vestbøstad Waage som toppscorar, Mads Dahl Helland som årets nykommar, og Leif Tore Aarland som årets spelar.På toarlaget vart Rune Skumsnes årets spelar, mens Åsmund Sørfonn vart toppscorar. På damelaget vart Stina Gloppen Rimmereid toppscorar og Anne Helene Vestbøstad årets spelar, mens Marthe Thorland vart årets mest framgangsrike spelar.
Damelaget song eigenkomponerte viser i søkk og kav slik som tradisjonen er på slike festar.
 
Pokalar for prestasjonane i vintercupen vart delte ut. Heider og ære var no fordelt. Musikken spelte opp, og dansegolvet var besett frå fyrste intro med Tom Patty. God musikk på ein kjempekjekk avslutninsfest for fotballen i Fitjar 2009.

Storavatnet 1995. I midten bak, i svart genser med raude striper, ser me Roald M. Nilsen. Arkivfoto Fitjar Idrettslag.