Gråegre i flukt - eit flott syn. Foto: Kjetil Rydland.

Minst 60-70 gråhegrar har teke kontroll over Hattolableikjo, rett vest for sørspissen av Fodno, der årets hegrungar har begynt å få luft under vengjene.

Ingen fugl har fått så stor spalteplass i Fitjarposten som gråhegren, og det meiner me er heilt fortent. Ikkje er han så grå som namnet skulle tilseia; tvert imot har han ei fin fjørdrakt i ulike «shades of grey». Og han er veldig flott å sjå på når han kastar seg på vengene, og fyk med tunge, rolege vengjeslag som ein rovfugl, sjølv om han er ein pelikanfugl.

Gråhegre speidar mot Fitjarsjøen frå Fodnaklubben. Foto: Kjetil Rydland.

Gråhegren har alltid vore vanleg her hos oss, og me ser ofte enkeltindivid som sit i stranda eller ved bekken og ventar på byttet sitt. Slik kan hegren sitja i timevis, før det dukkar opp ein uheldig fisk som blir til fuglemat. Ein vaksen gråhegre et gjerne eit halvt kilo fisk for dagen.

Men gråhegren er eit typisk flokkdyr, og i hekketida samlar dei seg i store flokkar på opp til 50 par. I ein slik koloni er det sjeldan meir enn ti-tolv reir, som dei byggjer på berghyller eller høgt oppe i store tre. Dei same reira kan bli brukte år etter år. 

I år er altså den store hegrekolonien på Hattolableikjo, rett vest for sørspissen av Fodno,  men tidlegare har dei vore på Skålaviksholmen og på holmane nærmare Smedholmen og Teløyo, fortel Per Johan Vestbøstad. Han har god oversikt over Hattolableikjo og dei andre holmane i nærleiken. Per fortel også at det var gråhegrekoloniar i Levågslio før vegarbeidet skremte dei vekk for 50-60 år sidan.

Saman med Tore Sigurd Fitjar kunne me rett før helga studera unge og gamle gråhegrar i tretoppane på Hattolableikjo og mellom brakje og purpurlyng på Fodnaklubben. Per Vestbøstad fortel at før i tida fann dei ofte hegrelik på bakken etter at ungar hadde falle ned frå tretoppane.

Her kjem ein liten bildeserie frå hegrelivet på Hattolableikjo og Fodnaklubben. Bileta er tekne med tele frå langt hald.

- Annonse -