Det måtte 23 bruskasser til før «klatretårnet» med Torstein Raunholm Kjelling på toppen rasa. Imponerande, men ikkje farleg. Torstein var trygt festa med klatreutstyr til krana frå Engevik & Tislevoll AS.

– Bruskasseklatring går ut på at du byggjer opp eit tårn av bruskasser med deg sjølv heile tida på toppen. 22 kasser er eit svært godt resultat, seier lærar Johannes Olsen, som sjølv har prøvd seg på leiken. 

Han fortel vidare at arrangementet var eit positivt samarbeid mellom Engevik & Tislevoll AS, som for tida har byggjearbeid på Rimbareid, og skulen. Eit triveleg innslag i skulekvardagen.

Det syntest i alle fall Torstein Raunholm Kjelling, som gjerne prøver igjen ein annan gong om det vert høve til det.

Den store mobilkrana til Engevik & Tislevoll, og klatreutstyr, gjorde det heile mogeleg.

Rektor Siv Grete Stamnes likte det ho såg, og fryda seg over spenninga i lag med 7A, som fekk prøve denne gongen. Truleg vil 6. klassingane òg få teste ut dette stuntet.