Marita Kulleseid Westerheim har sett havørn i Skaret. Nedanfor kan du sjå biletet ho har teke og faktaopplysningar ho har skrive om havørna.

«Denne ørna landa på ein knaus, berre femti meter frå husveggen. Den landa så flott på toppen og tok nokre sekundars overblikk, før ho letta dei svære vingene og tok nokre tunge vingeslag vidare.

Kanskje såg ho ut sitt neste bytte, eller berre ville sjå på den flotte utsikten? Sjø og fisk er jo i nærleiken.

Det er mest sannsynlig ei havørn, fordi ho hadde lange, breie vengjer og nesten heilt gult nebb. Det kan sjå ut som om ho ikkje var heilt fullt utvaksen enno (vanskeleg å sei), sidan ho hadde ganske mørkebrun drakt med litt kvite spetter på. Nebbet var gult, men med bittelitt svart på tuppen av nebbet, men stor var denne ørna. (Det er ikkje dei klaraste bilda, då dei blei tatt gjennom stovevindauga).

Kanskje var dette ei ung havørn på vandring? Ja, dette var ei flott og uventa oppleving, som fann stad i Skaret.», skriv Westerheim.