Sjølv om fotballen er rund, har favorittane begynt å utkrystallisera  seg under kveldens opning av vintercupen.

I dameklassen er tendensen klarast. Ingen ser ut til å kunna stoppa Dåfjorden, som stiller med rutine i Britt Iren Tranøy Stokken, og ungdommeleg fart og styrke i Lena Stokken og Maiken Taranger. Med 7-0 mot Resten og 5-1 mot Bakken/Havn ligg dei godt an til å vinna puljespelet. I andre enden av dametabellen finn me Resten, som ser ut til å kunna bli femte hjul på vogna, og bli laget som må takka for seg etter puljespelet. 0-4 mot Øvrabygdo og 0-7 mot Dåfjorden lovar ikkje godt, om dei ikkje kan trekkja eit ess ut av ermet til dei møter Vestbøstad laurdag morgon kl. 10.00.

Tendensen er nok ikkje like klar i herreklassen, men både Havn og Vestbøstad vann begge sine kampar i kveld, og går nok til semifinale i morgon. Vestbøstad sopte først Bakken av banen med 6-1, utan at ein opplagt Ole Bergesen såg ut til å finna ut av dei smarte pasningane til Ketil Fykse på eit sterkt lag frå Vestbøstad. I den andre kampen sin imponerte Vestbøstad like mykje; 5-1 mot Fitjarstølane var sterkt. Sistnemnde er faktisk det einaste laget som måtte gå heim utan poeng i kveld, endå dei mønstra markante A-lagsspelarar som Thomas Vestbøstad Waage og Henrik R. Kjelling. Kampen kl. 11.00 i morgon blir svært viktig; då møter dei Havn, som imponerte stort mot tittelforsvarar Storavatnet jr. i siste kampen i kveld. Først tok dei leiinga ved Helge Træet på eit knallhardt skot som ingen mann i verda kunna ha stoppa, og i andre omgang avgjorde Gjert Ståle Olsen kampen med ei fiks scoring frå kort hald.

I morgon er det lova godvêr, og kaffi i kiosken. Her er det berre å møta opp kl. 10.00, og få med seg all dramatikken utover føremiddagen, før finalane kl. 15.00.