Etter tredjeplass i VM-runden i Egersund i går gjekk Håvard Helland frå Fitjar heilt til topps i årets vestlandsmeisterskap i rallycross.

Dermed skulle balansen rundt bordet i middagsselskapa til familien Helland vera gjenoppretta – både pappa Ole Vidar Helland (1997) og broder Nils Arve Helland (2000) har vunne VM i rallycross.

Håvard har nok køyrt inn fleire pokalar enn dei andre, men den store pokalen har altså late venta på seg til i år. Og i motsetnad til dei andre i familien, blei det to store pokalar på same tid for yngstemann. Han blei den første Helland med «The Double», vestlandsmeister både i rallycross og bakkeløp i klasse F, Free For All.

Dette er den største rallycrossklassen med skikkelege «verstingmotorar». Håvard har i år køyrt rundt med ein 2,9 liters motor i pappa sin Volvo. Håvard har hatt ein jamt god sesong med ein førsteplass (Bergen), ein andreplass (Vikedal) og to tredjeplassar (Vikedal og Egersund).

Det beste han har oppnådd samanlagt før, er ein tredjeplass, så han er sjølvsagt lukkeleg over endeleg å gå heilt til topps. No var det på høg tid at han blei vestlandsmeister, for til neste år skal han ikkje køyra.

– Denne kommentaren har me høyrt før, kjem det frå andre sida av bordet i klubblokalet på Rydland. Ikkje alle er heilt overtydde om at Håvard meiner alvor, men sjølv verkar han heilt bestemt. – Til neste år skal eg gjera andre ting, seier han.

Blant anna vil han vera med som mekanikar for andre i Fitjar Racing Team, og kanskje vil son hans, Julian, prøva seg i crosskart. For å understreka at Håvard meiner alvor, fortel han at han har lagt den store motoren ut for sal. Bilen vågar han ikkje selja, for den tilhøyrer pappa, Ole Vidar Helland …

Den ferske vestlandsmeisteren ønskjer å takka mekanikarar, sponsorar og andre som har vore med og hjelpt han til å nå toppen i år.

Ingressbilete: Hylla til Håvard Helland i klubblokalet på Rydland er heilt full, så det er nok på høg tid at han gir seg. Foto: Kjetil Rydland.