Håvard Helland har all grunn til å jubla etter dagens rallycross på Eikåsbanen i Bergen, medan dei andre Fitjar-førarane er så måteleg fornøgde.

I dag blei andre runde i vestlandsmeisterskapen i bilcross og rallycross avvikla på Eikåsbanen i Åsane. Håvard Helland vann rallycross etter solid køyring i en bil som fungerte bra. Dermed kom han heim med ein stor pokal for sigeren. Også erkerivalen Paul Vik kom heim med pokal laurdag kveld, men han vedgår at det skuldast låg deltaking i klassen.

Dei to fitjarbuane var dei einaste som stilte i den sterkaste klassen, og medan Håvard leverte køyring som kunne halda dei fleste frå livet, var det meir blanda drops for Paul. Det skuldast ikkje først og fremst mannen bak rattet, men bilen. I motsetnad til Håvard har ikkje Paul forgassarar under panseret, men direkte innsprøyting. Dermed er Paul avhengig av at elektronikken fungerer perfekt for å få maks effekt ut av motoren.

I dag fungerte ikkje den direkte innsprøytinga skikkeleg, og dermed fuska motoren, og Paul hadde ingen sjansar til å halda følgje med Håvard. Og som om ikkje det var nok, så knakk ei berebru og eit fjørbein. Han vedgår at dersom det hadde vore større deltaking i klassen, så hadde det nok ikkje blitt pokal. Han trur det er dårleg ladig som gjer at den direkte innsprøytinga ikkje gir optimal effekt. No håpar Paul å få ladinga i orden til neste helg, for då er det NM-runde i rallycross i Skien!

Dei andre Fitjar-førarane, Håvard Dalen, Gisle Aarbø, Oliver André Matre og Martin Fausk, fekk lite å skriva heim om etter dagens bilcross. Verst gjekk det for dei to som har gjort det best hittil i sesongen. Gisle gjekk trill rundt, utan å gjera skade på seg sjølv, men bilen var ikkje køyrbar etterpå. Oliver klarte ikkje å gjenta suksessen frå debuten sin i seniorklassen, der han var heilt i teten. Denne gongen svikta motoren.

Dermed ser det ut til å bli travelt i garasjen til Fitjar Racing Team på Rydland. Vonleg sit Ole Vidar Helland klar med reservedalar og gode råd.