Under familiegudstenesta i Fitjar kyrkje søndag føremiddag fekk alle 4-åringane som møtte fram Mi kyrkjebok.

Mange gode barnelydar og ei fantasiskt flott pynta kyrkje  var ramma rundt hausttakkefesten som vart leia av kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu og kyrkjelydspedagog Silje H. F. Fyllingen. 4-åringane var spesielt inviterte saman med familiane sine og dei aller fleste av dei møtte opp. Tradisjon tru deltok soknerådsbarnehagen (Bakken barnehage) og på denne gudstenesta. Kyrkja var fullsett og som vanleg var det Fitjar bygdekvinnelag som hadde pynta kyrkjerommet  så fint. Markas grøde var stilt ut både i midtgangen og i koret, og i tillegg kom dei eldste ungane frå Bakken barnehage inn i prosesjon med korger med frukt og grønnsaker som dei stilte ut rundt alterringen. 

Barnehagen stilte med flotte, frisk songar med rørsler. Kven har skapt alle blomane, Hjertepalass og Når vi deler med en venn paste perfekt inn på ein hausttakkefest. 

På orgelkrakken i dag sat Olaug Gloppen og som alltid var allsongen god i kyrkja. Fleire av songane var kjende både for barnehageungane og ein del av dei andre ungane, og på desse stilte barnehagen med frimodige forsongarar som leia an. 

For mange var utdelinga av Mi kyrkjebok til 4-åringane høgdepunktet under dagens gudsteneste, og sjølv om dei fleste møsta både munn og mæle då dei stod framme i koret og venta på boka si sørgde Silje og Nobu for at alle vart ropt opp, alle vart sett og alle fekk si eiga bok med seg heim.