Sokneprest Olav Oma ønskte velkommen til gudsteneste og understreka kor vakkert det var pynta.

Takk og ros går til Bygdekvinnelaget som tek seg av pyntinga kvart år. Soknerådet sin barnehage i Bakken deltok med fleire songar. Då var det fullt framme i koret. Nokre born var med i inngangsprosesjonen med ei korg i handa, fylt med frukt eller grønsaker. Lars og Kristine Lovise vart døypte i dag før soknepresten tala. Han tok utgangspunkt i ei bøn i Fadervår: Gi oss i dag vårt daglege brød. Det er ei bøn ikkje berre for oss og dei rundt oss, men for alle i heile verda. Gud vil at me skal ta vare på alt han har gitt oss. Noko av dette ser me blant dei gode frukter og grønsaker som det var pynta med i dag. Alt høyrer med til Guds skaparverk. Det skal me takke for og glede oss over. Ved utgangen fekk alle høve til å smake på ei eller anna frukt. I dag var det altså ikkje kyrkjekaffi, men kyrkjefrukt.