Ein stor flokk frå Bakken soknerådsbarnehage var med og kasta glans over gudstenesta i dag.

Dei største barna gjekk i prosesjon inn i kyrkja med kvar si korg med markens grøde. Saman med alt det som Bygdekvinnelaget hadde pynta med, var det eit vakkert syn av frukt og grønsaker framme i kyrkja. Kyrkjegjengarane  vart nok gripne av den flotte songen som borna framførde med bevegelsar, og me nemner den eine: «Når vi deler med en venn, tennes lys i Himmelen, tennes lys Fred og kjærleik vart nemnd av forkynnar Asbjørn Kvalbein då tala om  Andens frukt som også omhandlar glede, tolmod, godhet, truskap, mildskap, sjølvdisiplin og audmjukskap. Bilete og tekst på storskjerm gjorde det lettare å forstå teksten frå Galatarbrevet. Sokneprest Oma var gudsteneste-leiar. Ei lang, lang rekkje av små og store gjekk fram i kyrkja og ofra til TV-aksjonen ved Kirkens Nødhjelp.

Ingressbilete ved Turid Sandvik. Born frå Bakken barnehage syng.