Indremisjonssamskipnaden inviterer til det tradisjonelle haustmøtet i helga.

I ei pressemelding frå samskipnaden heiter det:

Indremisjonssamskipnaden sine Haustmøte på Stord har lange tradisjonar heilt tilbake til 1970 og har vore til stor inspirasjon for folket i bygdene våre. No ser me fram til komande helg, og gler oss til å innvitera til Haustmøte att. Vi ventar stor tilstrøyming til dei ulike samlingane. 
 
Hovuddtalar i år er Jan Gossner. Han tok til som rektor for Høgskulen i Staffelsgate no i haust. Han har tidlegare vore pastor i Kristiansand frikirke og er godt kjend for mange gjennom fleire TV-program frå kyrkjelyden. Han har og vore aktiv i Oase og mange har hatt gleda av å høyra han på dei store sommarstemna deira. Det er ikkje fyrste gongen han vitjar Indremisjonssamskipnaden.

 Han var talar på Årsmøte vårt på Tysnes, og ser me fram til å få denne inspirerande talaren tilbake til oss igjen, seirer Svein Bjarne Aase som er misjonssekretær i Indremisjonssamskipnaden.
            
Haustmøte startar fredagskvelden med opningsmøte i Leirvik bedehus. Jan Gossner vil tala og me får flott song og musikk frå eit lokalt husorkester. Camilla Halleråker og Tore Alvsvåg, begge busett på Moster, vil delta med song.
            
Samlingane på laurdagen er lagt opp med ettermiddagsmøte i Leirvik bedehus der Linda og Lene m/band frå Bømlo vert med og leiar både fellessong og syng sjølve. Deretter vert det stort festmøte i Kinosalen i kulturhuset. Her har me fått med oss eit stålande husorkester som består av Tor Østang på piano, Dag Kjetil Lægreid på bass og Tor Helge Valvatne på slagverk. Dei vil saman med ei forsongargruppe leia oss gjennom fleire songavdelingar.  Kjersti Østang Valvatne vil stå for soloinnslag, og me får intervju med kveldens gjest som er Magne Eidesvik, tale av Jan Gossner, diktlesing og altså mykje fellessong.
             
Sundag er det gudsteneste i Stord kyrkje der Jan Gossner held preika, medan Arne Lindekleiv vil tala på gudstenesta i Bremnes kyrkje. Det heile vert avslutta med mange lokale Haustmøte rundt om i mange av bedehusa i Sunnhordland og Hardanger.