Fitjarposten har tidlegare skrive at haustmarknaden førstkomande laurdag skal vere i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. No har arrangørane flytta han til sentrum ved Larsenbygget. 

– Me hadde marknaden i telt i sentrum for to år sidan, og håpar no å skape like god stemning som då, seier Martin Nysæther til Sunnhordland. På marknaden vert det sal av ymse matprodukt og handarbeid.

Ønskjer du andre idear til kva du kan gjere på laurdag, kan me vidare nemne at Raititaibandet og Årstein Tislevoll bed inn til fest på hotellet med to heilt nye songar, at «Han Innante» har show i Kultursalen – og at du kan høyre webpastor Asbjørn Kvalbein i Fitjar bedehus. Noko for ein kvar smak altså.

Ingressbilete: Fitjarpoteter er mellom det du kan kjøpe på Hautmarknaden i sentrum. Arkivfoto: FP/HCH