Haust på Klovskar. Foto: Kjetil Rydland.

I dag er dag og natt like lange over heile jorda; haustjamdøger markerer at sommaren er ugjenkalleleg over, og hausten er komen.

No blir dagane merkbart kortare og nettene lengre på den nordlege halvkula, og astronomisk sett innleier haustjamdøger vinterhalvåret. Sola flyttar seg inn på den sørlege delen av himmelen; i Bergen inntreffer jamdøger tysdag 22. september kl. 15.30. Akkurat på dette minuttet står sola i senit over ekvator, ho har forlate den nordlege halvkula og er på veg inn over den sørlege halvkula.

Årstidene på jorda: Lengst til høgre: Vintersolkverv, deretter (i retninga til pilene) vårjamdøger, sommarsolkverv (lengst til venstre) og haustjamdøger (nærmast oss). Illustrasjon: Wikipedia.

Equinox – «lik natt»

På engelsk heter jamdøger «equinox», som betyr «lik natt» på latin. Grunnen er at på jamdøger er dag og natt blitt oppfatta som akkurat like lange – altså 12 timar dag og 12 timar natt. Dette fenomenet inntrer to gonger i året, nemleg ved vårjamdøger og haustjamdøger.

På desse to dagane står sola rett over ekvator, og berre på jamdøgera kan ein person som står ved ekvator, sjå sola passera rett over hovudet (i senit) midt på dagen. På Nordpolen forsvinn sola under horisonten etter å ha vore oppe i eit halvt år, og kjem først til syne igjen om seks månader – ved vårjamdøger.

På Sørpolen skjer akkurat det motsette: Sola kjem til syne og held seg over horisonten i eit halvt år for så å gå ned igjen ved vårjamdøger. I Noreg vil sola stå lågare på himmelen heilt fram til vintersolkverv, måndag 21. desember kl. 11.02.

Haustjamdøger blir markert med hausttakkefest og andre ritual

Det er vanleg å halda haustfestar rundt denne tida, til dømes hausttakkefest. Ifølgje den gamle norske primstaven fall mattismesse om hausten på 21. september. Den er til minne om apostelen Matteus, og øksa på primstaven kan knytast til at Matteus leid martyrdøden.

I norsk folketru har primstavmerket vorte knytt til lauvhogging. Mattismesse var dagen for å begynne å hogge lauv som skulle nyttast til vinterfôr. Etter denne dagen rekna ein at kornet ikkje kunne mognast meir.

I den franske revolusjonskalenderen, som var i bruk i perioden 1793–1805, var haustjamdøger nyttårsdagen, fordi den første franske republikken blei erklært 22. september 1792. og den nye kalenderen med eit nytt år vart rekna for å ha byrja dagen etter.

I austleg asiatisk tradisjon innleier haustjamdøgn ein av 24 delar på lunisolarkalenderen. Denne delen er kjend som qiufen (kinesisk), chubun (koreansk), shubun (japansk) og thu phân (vietnamesisk), som tyder «haustjamdøgn» eller «senter». I Japan er dagen ein offisiell høgtidsdag (秋分の日, shūbun no hi) der ein vitjar familiegravstader og held familieselskap.

(Kjelder: Wikipedia og astroevents.no)

Haustjamdøger ved Svartavatnet i kveld. Foto: Kjetil Rydland.