Sist søndag var det haustfest i Osternes bedehus. Ein god, gamal tradisjon i regi av Indremisjonssamskipnaden.

Harald Johan Sandvik las opp ei rekkje vakre dikt om Guds omsorg. Kåre Johan Hamre tala om det store med å vere i Kristus, og knytta bodskapen på ein god måte opp til dåp og nattverd. 

I tillegg var det solosong og matservering. Ei god stund for dei som fekk ho med seg.