1.års aspirantane har fått utdelt sine første merke. Foto: Ole Sandvik

Til stor glede for 4H-arar og foreldre kunne Øvrebygda 4H feira haustfest i gymsalen på Øvrebygda skule nesten som vanleg i år også.

Av: Karen Elisabet Rydland Sæbø

Laurdag var vel 80 gjester samla til fest med utstilling av prosjekt, presentasjon av årsmelding med bildekavalkade, kakebord og til slutt utdeling av vurderingskort og merke til medlemmene.

På førehand hadde medlemmene, med hjelp av foreldre, sett opp bord og stolar og pynta salen. Nytt av i år var bordkort og avmerking av kvar ein kunne sitja og ikkje, slik at ein kunne halda ein meter avstand til dei ein ikkje er i kohort med. Saman med mulighet for handvask og spriting av hender, godt planlagt og gjennomført matservering, og fornuftige gjester som haldt avstand til kvarandre, så var det heldigvis mogleg å gjennomføra 4H-festen på tradisjonelt vis.

Ingen sjølvforsyning i år. Foto: Ole Sandvik

39 medlemmer fullførte og stilte ut prosjekta sine i år. 14 aspirantar, 15 juniorar og 10 seniorar. Lena Grimen har vore 4. års senior i år og kunne stolt ta i mot plakettnål som bevis på godt 4H-arbeid gjennom 7 år. Gratulerer!

Lena Grimen med velfortent plakettnål. Foto: Ole Sandvik

4H-arbeidet i året som har gått har sjølvsagt også vore noko prega av korona. Frå mars til uti juni kunne medlemmene ikkje treffast på vanlege møte. I denne perioden arrangerte dei møte både via zoom og teams. Ingen problem for desse ungdommane å demonstrera prosjekta sine for kvarandre via filmar dei laga sjølv. Og over teams organiserte dei bingo-kveld for alle medlemmene. Imponerande!

Flott utstilling av Helena og Simen Skarpnes sitt prosjekt «Bli med ut». Foto: Ole Sandvik

Festen var ikkje open for alle denne gongen, kvar familie kunne ha med 2 personar utanom medlemmen(e). Besteforeldre og andre som kunne tenkt seg å ha sett dei flotte prosjekta ungdommane stilte ut må nyta dei flotte bilda! Mange medlemmer hadde i år fått god tid til å jobba med prosjekta sine nettopp pga korona og at andre aktivitetar måtte setjast på pause.

Så håpar me neste år gir mulighet for både prosjektarbeid og den sosiale biten av 4H.

Klubben hadde på førehand merka av kvar folk skulle sitja. Foto: Ole Sandvik