Fare for litt glatte vegar var ikkje noko hinder for dei som ville på basar.

Ei kvinneforening i Øvrebygda som arbeider for NMS (Det Norske Misjonsselskap) arrangerte sin årlege basar i går kveld. Denne har lenge blitt kalla gamlebasaren. Mykje folk var samla, både born og vaksne. Kvelden starta med andakt av Edel Sørvik. Ellen K. Hovstad som er leiar i foreninga, fortel at åresal og auksjon gav over 15.000 kr. Tidlegare er det seld lodd rundt om i bygda slik at foreningen reknar med å senda over 35000 kr til misjonen.I den summen er det og med offerpengar frå foreningsmøta. Flittige foreningsdamer hadde strikka mange par sokkar som vart auksjonerte bort. Elles var det mange som kjøpte bollar, kaker og syltetøy. På hovudlotteriet var det mange fine gevinstar av ulike slag, og dermed fornøgde vinnarar.