Me er i slutten av den andre haustmånaden. Denne perioden vert ofte kalla lauvfallstid.

Dei siste dagane har mest alt det vakre haustlauvet falle ned. Vinden har ført det hit og dit, det ligg på marka eller langs vegar og husnover. Den første smak av vinter med frost og snø var med og framskunda lauvfallet. På lune stader i hagen kan ein framleis finne blomstrande planter, til dømes roser eller blomkarse. Samanlikna med tidlegare år, er dei første vinterteikna i rute, eller kanskje ei veke seinare.                                                          

Dagen i dag, 28. oktober, er omtala som Simonsmesse i boka Merkedagar og gamle skikkar. Han kunne og bli kalla Fyribod, som eit varsel om frost og snø. Frå no av skulle buskapen forast innandørs. Me ser at dei siste husdyra på beite er komne i hus, unnateke dei sortane som plar gå ute heile vinteren. Normalt sett skulle det vore lenge sidan siste slåttearbeid. Men denne hausten vart det tre slåttonner for nokre bønder. For fjorten dagar sidan vart dei siste jordene hausta og dei kvite rundballane låg spreidde omkring. Alle skjønar nok at mange og regnfulle dagar sette ein stoppar for hausting tidlegare.

Her ein dag fekk me påminning om å hugse på mat til småfuglane. Dei har ete opp alle rognebæra og er på leit etter dei raude, fine bæra på kristtorn, der dei måtte vere å finne. Ferdige blandingar av ymse fuglemat, til dømes meisbollar og kokosnøtter ligg lett synleg i butikkane no. Ein og annan har kanskje skore av feitt på sauekjøt og frose det ned til fuglemat. Det er i alle fall ein godbit for kjøtmeisen, som og vert kalla talgokse.    

Dagen i dag markerer slutt på sommartida og det var vel ingen som hadde noko i mot å få sove ein time lenger denne natta?