Austevollingen Inge Halstensen vert auksjonarius på årets Hatlevikbasar, laurdag 7. juli.  

Hatlevikbasaren er eit unikt kystkulturarrangement med god gamaldags auksjon, åresal, song og musikk og gratis bollar og kaffi. Basaren finn stad på Hatlevik i Fitjarøyane. Inntekta går til Betelskipet Elieser 6 og Den indre Sjømannsmisjon. Betelskipet vil vere på plass ved kaien under basaren. Basaren startar kl. 12.30.

Friluftsandakten i år tek ekteparet kjende Martha og Edgar Paulsen seg av. Dei har reist Noreg rundt som evangelistar sidan byrjinga av 90-tallet. Først for Den indre Sjømannsmisjon, og sidan for Indremisjonsforbundet. Edgar er ein glimrande songar som òg har Jim Reeves på repertoaret sitt.

Det vert sett opp båt frå Sagvåg (11.00) og Rubbestadneset (11.45). Den kjem til basaren i god tid før det heile startar kl. 12.30, sjå avgangstider i eigen tabell. Reisa er gratis.
Retur etter basaren ca kl. 17.30. Du kan reise med eigen båt. Det er lun og god hamn i Hatlevik som ligger på nordvestsida av øya Ålforo, midt mellom Fitjar og Bømlo. Det er lett å leggje til.