Laurdag 5. juli er det duka for den 30. Hatlevikbasaren sidan ein starta opp att med ny vri i 1985, med Rasmus og Salamon Hatlevik, og Knut Nordfonn, i spissen.

Rasmus og Salamon er med framleis. I tillegg  får med seg Inge Halstensen som auksjonarius og «Han Innante».  Sistnemnde deltar med både andakt og morosame innspel. Begge har dei vore med før – og dei har hausta stor fagnad frå publikum  for innsatsen sin.

Inntekta av basaren går til Den Indre Sjømannsmisjon, og Betelskipet Elieser 6 vil vere på plass i Hatlevik under basaren.