Her frå fjorårets samling. Karsten Nygård fortel om livet på Langøy mens Abraham dreiv kystgarden med fiske , sau + ei ku og ein kalv.

Atter ein gong er det duka for kystgardsamling i Fitjarøyane. I år står Hatlevik på Ålforo for tur.

– Dette er 7.året og 7.øya vi arrangerer temadag om kystgard og kystlynghei, fortel Aase Nøttveit ved Stord og Fitjar landbrukskontor på vegen av årets prosjektgruppa.

Ho fortel oss at Hatlevik ligg på Ålforo, den største øya i Fitjarøyane. Her var det handelstad, post, skule og bedehus.

– Årleg vert Hatlevikbasaren arrangert her. Landbrukseigedomane med lynghei og innmarks vert beita med gamal norsk sau.

Nøttveit fortel at fjorårets samling på Langøy var veldig kjekk, og håpar mange vil vera med i år ogso.

– Meld dykk på ved å senda e-post til asno@fitjar.kommune.no eller ring på 5345 8500 innan onsdag 18. mars, og gjerne før, seier Nøttveit.

Ho lokkar med eit spennande program(sjå nedst), og fortel at dei kan ordna både båtskyss og overnatting om nokon ynskjer det.

– Hugs egna kle og sko til sviing, avsluttar Nøttveit.

Aase Nøttveit i aksjon under fjorårets sviing.

Førebels program:

Fredag 27 mars:

Kl. 15.00 Båt frå Fitjar (ta kontakt ved behov)

Kl. 15.30 kaffimat og drøs

Kl. 16.30 Markvandring med tema «Vatn og drenering» v/ Norsk Landbruksrådgjeving

Kl. 19.00 Betasuppe

Tiltak mot svartelista arter i Hatlevik, som sitkagran og parkslirekne (Aase)

Forteljingar frå Hatlevik (Rasmus)

Laurdag 28 mars:

Kl. 10.00 Rasmus tek oss med på skulevegen og fortel

Kl. 12.00 Formiddagsmat og planlegging av dagens lyngsviing

Kl. 13.00 Sviing av lyngbeite (John Inge Vik)

Kl. 16.00 Båt til Fitjar