Tore Sigurd Fitjar ute med rundballepressa ved Fitjarelva. Foto: Kjetil Rydland..

Dei største bøndene i Nedbygdo har nytta det ekstreme sommarvêret siste veka til å få unnagjort mykje av håslåtten, med særs godt resultat.

– Eg kunne nok tenkt meg å vera på ein litt meir behageleg plass i dette vêret, vedgår Tore Sigurd Fitjar, som har vore særs travel med håslått siste veka.

Tore Sigurd Fitjar på traktoren i godvêret måndag føremiddag. Foto: Kjetil Rydland.

Bonden på Fitjargarden er likevel kjend for å trivast godt på traktoren, og han legg ikkje skjul på at han synest det er kjekt med så godt arbeidsvêr. Han begynte med håslåtten for alvor då varmen sette inn i førre veke, og i går kveld la han press på siloen, etter å ha gjort seg ferdig med alle bakkane vest for Fitjarelva.

Som kjent blei førsteslåtten i år den beste på mange år for bøndene i Fitjar; me fekk eit nytt prov på at Mai kulde gjør bondens lader fulde. Etter den kjølige og våte sommeren ser det ut til at håslåtten blir like god.

Godt og lagleg slåttevêr fekk dei òg, dei som kom i gang i førre veke. Blant desse er altså Tore Sigurd Fitjar, som fortel til Fitjarposten at avlinga er god og arbeidsforholda fantastiske. Etter ein våt sommar tørka bakkane bra opp før han gjekk i gang med andreslåtten:

– Det er kjekt å kunna køyra rundt på bakkane utan å måtta tenkja på at du set djupe spor, slik me måtte under førsteslåtten i år, seier han fornøgd.

Storbonden minner om at dei måtte nytta opphaldsveret og «slå mellom byene» under førstelåtten, slik at den tok ganske lang tid.

– Når me slår førsteslåtten, kan me ikkje vita kor tid det blir håslått, understrekar Tore Sigurd Fitjar, det kjem heilt an på vêret utover sommaren.

- Annonse -

I fjor blei bakkane liggjande og tørka fleire veker, og voksteren blei all verda, men i år har vekstforholda vore nesten ideelle. Dersom det blir like god vekst framover, reknar han med at han må utpå med slåmaskinen endå ein gong før hausten set inn for alvor.

Som vanleg går mesteparten av graset i siloen eller til rundballar, men under tropevarmen i førre veke nytta bonden på Fitjargarden den fantastiske høytørken til å tørka høy på bakken. Saman med nabo Lars Ove Rimmereid tørka han graset på eit stort område og fekk over 300 småballar med førsteklasses tørrhøy. Dette har han tenkt å bruka som «medisin» til lausmaga kyr.

– Det er godt å ha litt høy til å bitta magane, seier Tore Sigurd.

Men det er ikkje kvart år det er så greitt å tørka høy. Han legg til at under førsteslåtten lykkast dei ikkje med å få høyet tørt, og dei måtte balla graset for å berga det. Den engasjerte storbonden på Fitjargarden legg til at han har lyst å byrja å hesja litt igjen, men mest for å overføra kunnskapen til komande generasjonar.

– No fer dei andfares, dei som kunne kunsten å hesja, seier Tya, det blei jo meir eller mindre slutt på hesjing på 1970-talet.

Til neste år får me kanskje sjå hesjer på Fitjargarden igjen?

Dei største storfebøndene i Ovbygdo måtte la den ekstreme godvêrsperioden passera utan å koma i gang med håslåtten. Men knivane på slåmaskinen er skarpslipte, og Gaute Aarbø har fått ordre om vera klar i morgon tidleg. For då startar håslåtten, får me opplyst på velinformert hald i verkstaden på Rydland.

Men det spørst om regnet lettar, og om dei blir like heldige med vêret som kollegaene i Nedbygdo.

I så godt vêr tørkar graset mykje på eit døger. Foto: Kjetil Rydland.
Her er Turid Fitjar i full gang med å pakka inn i plast ballane som faren har laga med rundballepressa si. Foto: Kjetil Rydland.