I dag gjekk turen til Sætebø og vêret skulle visa seg å vera på vår side. Eg tok med meg børsa, hunden (Toya) og min fru for å nyta den siste dagen på jakt.

Me slapp Toya og jakta var i gang. Toya brukte god tid, og ho gjekk i store område for å finne haren. Imens sat eg og Ida i sola og koste oss med kaffi og litt sjokolade.  

Etter ca 3 timar klarte Toya å få ut hare, og då var jakta for alvor i gang. Eg sprang av garde for å finna den rette posten, mens Ida kom heseblesande etter. Eg fann den rette posten og venta på haren, som etter få minutt kom springande rett i mot meg. Det sa pang, og det sa pang ein gang til, så låg sesongens siste hare nede for telling.

Den siste jaktdagen er torsdag 28 februar, men med det flotte vêret som var i dag og fangsten me fekk, så blir dette siste turen for sesongen, og det blir det pause til ut i september.

Det har vore ein bra sesong i Aarbø og Helland`s jaktlag, mellom 10-15 harar blei felt, fordelt på fjellsameiga, Aarbø, Sætebø og Rydlandskogen.

No blir våpena plassert i våpenskapa, og me leitar fram fiskestanga for å gjere oss klare til fjellfiske i sommar. Det er kanskje tidleg å seie, men med dette fine vêret som er no, så ønsker vi i Aarbø og Helland`s jaktlag alle ein riktig god sommar.