Fleire nye band har sett dagens lys rett før Fitjarfestivalen, og me har hatt gleda av å høyra eitt av dei øva.

Bandet heiter Nils Arve Hellands Kvartett og har oppretta ei gruppe på Facebook. Torsdag kveld øvde dei i «lakkboksen» på Rydland. Øvingslokalet er den gamle verkstaden til Lars N. Rydland, som Ole Vidar Helland og racingteamet har bygt om til lakkeringsverkstad. Etter kveldens øving er det nok ikkje mykje mott att i veggene i den gamle verkstaden! seier musikkjennar Sigurd A. Maraas, som var blant tilhøyrarane.

Det går nemleg hardt for seg når desse karane øver, og det gir gjenlyd langt utanfor veggene til «lakkboksen». Sjangeren er det som me litt tilårskomne vil kalla piggtrådmusikk, etter det me forstår på gitarist Per Egil Larsen.

– Det er den musikken som me ikkje fekk lov å høyra då me var på konfirmantleir, seier Per Egil med eit lurt glimt i auga. – Men no når me er blitt 30 + får me endeleg lov, legg Bjarte Maraas til.

Bandet er berre nokre dagar gammalt, og i startgropa av noko stort, som dei seier sjølve. Vokalist er Nils Arve Helland, Bjarte Maraas spelar bassgitar, Per Egil Larsen vanleg 6-strengs gitar, og Arvid Havro handterer slagverket. Repertoaret hentar dei frå dei to kjende hardrockbanda «Judas Priest» og «Accept». Og i morgon får bandet altså sin debut på scenen i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Men dei er som kjent scenevante frå før, etter som fleire av dei har vore eller er med i andre kjende lokale band.

Til dei som har tenkt seg på festivaljammen i morgon kveld, minner me om tidsplanen:

21.00-21.20: Edith Helland med backing band
21.25-21.45:The Revivals del 1.
21.50-22.25: Raititai Band
22.30-23.00: Fitjar Adhook band
23.05-23.35: Orgelfall
23.40-00.10: The Smell of Tjutju
00.15-00.45: Nils Arve Hellands kvartett
00.45-01.05: The Revivals del 2
01.10-02.00: Plukk og mix. Fri jam