Dei første kampane i årets vintercup blei avvikla fredag kveld i regn og rusk, men vêret la ingen dempar på temperaturen i dei prestisjefylte duellane på banen.

Vintercupen blei innleidd med ein aldri så liten skrell då Vestbøstad måtte gå poenglause av banen etter kampen mot Fitjarstølane. Mads Dahl Helland fekk æra av å scora det første målet i årets jubileumsturnering. Etter at Henrik Rauhnolm Kjelling hadde scora i andre omgang, kunne Fijtarstølane innkassera ein litt overraskande, men fortent siger 2-0.

Havn og Bakken stod nok for den mest dramatiske kampen fredag kveld. Bakken var oppe i ei 2-0-leiing før Havn kom inn igjen i kampen og utlikna, i eit prestisjefylt lokaloppgjer der det gjekk hardt for seg. Vestbøstad hadde kniven på strupen i den andre kampen sin for kvelden. Fjorårsvinnarane Storavatnet jr. var i favorittsjiktet i år òg, men gjekk på eit klart 3-0-tap mot Vestbøstad, som dermed er med for fullt igjen. Storavatnet jr. på si side må setja sin lit til at Leif Tore Aarland og Jan Åge Tislevoll vil styrkja laget når dei entrar banen i morgon. 

I dameklassen var det ikkje uventa Britt Lise O. Volden som fekk æra av å scora årets første mål. I ein jamn kamp mot ein svært sterk motstandar frå Bakken/Havn blei resultatet til slutt 3-1 til Britt Lise og dei andre damene frå Vestbøstad. Om me finstuderer resultata frå kveldens kampar, ser me at ingen av laga er ute av dansen enno:

Herrar:
Kl. 18.00 Vestbøstad – Fitjarstølane   0 – 2
Kl. 18.30 Sentrum – Bakken/Havn jr.   3 – 0 
Kl. 19.00 Havn – Bakken   2 – 2
kl. 19.30 Kalveid – Storavatnet   0 – 2
Kl. 20.00 Vestbøstad – Storavatnet jr.   3 – 0

Damer:
Kl. 19.30 Kalveid/Vestbøstad – Bakken/Havn    3 – 1
Kl. 20.00 Øvrabygdo – Stratos/Resten      4 – 4

Fitjarposten minner om at kampane startar opp igjen laurdag morgon:
I herreklassen startar desse to kampane samtidig:
Kl. 10.00: Fitjarstølane – Bakken  og 
Kl. 10.00: Vestbøstad – Storavatnet jr.  
Dameklassen startar slik:
Kl. 11.00 Kalveid/Vestbøstad – Øvrabygdo

Sidan går det slag i slag, til dameklassen avsluttar med finale kl. 16.00, og herreklassen kl. 16.30. Måtte vinden stilna til i morgon.