Kraftige bremsespor på Kvednavatnet vitnar om ei hard svanelanding på isen for ein månad sidan.

Det er Sverre Sæterbø som har sendt oss bilete av spora etter den dramatiske landinga. Kvednavatnet ligg rett austanfor Sæterbø, og har vore dekt av fin skeiseis i vinter. Til glede for Sverre og ungane, men truleg ikkje til like stor glede for dei fire svanene som ofte er i området.

Bileta viser kraftige bremsespor; kanskje svanene ikkje var budde på den harde landinga?