
Det vert koalisjon mellom Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Framstegspartiet.
KrF, FrP og Sp melder i ei pressemelding at dei har forhandla fram ein valteknisk samarbeidsavtale.
– Partia er blitt samde om å stilla seg bak Harald Rydland (KrF) som ordførar og Sigurd Andre Maraas (FrP) som varaordførar.
Vidare skriv dei at Grete Marit Veka Maraas (Sp) held fram som leiar i utval for oppvekst og omsorg. Medan Bård Inge Sørfonn (KrF) vert ny leiar i utval for plan og miljø-
– Partane vil fortsetja samtalane for å utarbeida eit felles politisk måldokument for perioden.
Den nye koalisjonen held pressekonferanse kl.14.00 på Meieriet. Fitjarposten vil sjølvsagt vera der, og vil oppdatera dykk seinare frå denne.