Kanskje ikkje særleg overraskande, men Harald Rydland har sagt ja til å vere KrF sin ordførarkandidat til haustens kommuneval. Her gjev han si stemme ved valet i 2011. Foto: FP-arkiv

Det skriv leiar i KrF si nominasjonsnemd, Svein Lunde, i ei pressemelding i kveld. 

I pressemeldinga kan me vidare lese at òg KrF har hatt vanskar med å få på plass nok kvinner på lista. -Men me er trygge på at me til slutt vil få ei god liste, skriv Lunde.

Av dei noverande kommunestyrerepresentantane har óg Dagfinn Brekke og Bård Inge Sørfonn sagt ja til attval i tillegg til Rydland, og nominasjonsnemnda vil innstilla på attval for alle tre.

Helga Auestad vil derimot ta pause no.