Skisesogen er over, og Mariann Vestbøstad Marthinsen er i full gang med å symje seg opp til Paralympics i London. 

Midt i ein fabelaktig skisesong der ho vann verdscupen, har Mariann samstundes halde symjinga ved like, og no er det Paralympics I London som gjeld. 

Opningsseremonien skjer 29. august, og Mariann startar sine konkurransar med 100 m fri 2. september, før ho stuper uti på favorittdistansen sin, 100 m rygg,  4. september. Målet er ein my medalje, i tillegg til bronsemedaljen ho fekk i Beijing i 2008. 

Bortsett frå NM er det ingen større stemne Mariann skal vere med på før det dreg seg til i London.

– Men eg er oppteken av å få notert gode tider så eg kan sjå at det går framover, seier Mariann som så visst ikkje kjem til å liggje på ei idrettsmessig latmannsseng i månadene framover.

Aleksander Dale Oen
Mariann kjende godt Aleksander Dale Oen. Då ho starta symjekarrieren sin i Vestkantsymjarane, trente dei i same basseng på Sandgotna skule i Loddefjord. Ho var på den same samlinga som Oen i USA då OL-håpet vårt så brått og tragisk døydde. Såleis kom ho midt oppi det heile.

– Dødsfallet var heilt uverkeleg for oss alle, men legen og apparatet rundt oss takla det heile på ein utruleg proff måte. Vi var òg trygge på at Aleksander ville ha ønskt at me skulle fortsetje treninga. Han var slik at ikkje ei einaste økt måtte gå tapt på grunn av han. Her var han òg eit kjempeeksempel for oss andre. Det var utruleg kva han fekk ut av ei treningsøkt, seier Mariann, som karakteriserer Aleksander Dale Oen som ein heilt spesiell, målretta og viljesterk symjar.