Dette høyrest utruleg ut, men kva for eit dyr var det som sprang/hoppa over vegen i går til morgonen ?

Fredag morgon 12. mars sprang/hoppa eit stort dyr over fylkesvegen ved Novo i Øvrebygda. Vår informant seier at det må ha vore fleire som har sett dette dyret, og ønskjer tilbakemelding. Vedkomande undrast på om det kan vere elg, for det var mykje større enn hjort. Naturleg nok skjedde alt så fort, så det er vanskeleg å seie meir om utsjånad, men dyret hadde ikkje horn. Den som har sett noko, kan ta kontakt med vakthavande i fitjarposten.no, og så formidlar me kontakt med den som observerte (berre seriøse henvendingar). Det er ikkje meininga å lage nokon sensasjon ut av dette, men kanskje noko kan avklarast.