Elevrådet ved barneskolen på Rimbareid skule er ikkje i aksjon enno, men om det ikkje det snart kjem gangfelt på riksveg 545 mellom bedehuset og kyrkja, der elevar heilt i frå første klasse må kryssa vegen, har dei lyst til å sperre han ved å stå slik biletet syner.

Om gutane på biletet smiler og tøysar litt, meiner dei likefullt alvor. Gangfeltet burde vore på plass for lenge sidan, og dei er svært skuffa over at ikkje noko har skjedd, endå dei veit at ordføraren nyleg purra Statens Vegvesen om dette.

-Det er mange barn som må gå over her, og det er stadig mykje bilar. Ikkje minst når ferjetrafikken kjem. -Ein gong måtte eg venta i fem minuttar før eg kunne gå over vegen på grunn av trafikken, seier ei av elevane. Om det ikkje skjer noko no, har me lyst å sperre vegen, og får me lov heime, kjem me kanskje til å gjere det. Det er farleg å gå over her utan gangfelt eller trafikklys. Tenk berre på 1. klassingane, seier dei, bestemt, og ikkje så lite irriterte over at ingenting har skjedd.

Og me forstår dei. Då me skulle ta biletet ovenfor, måtte me òg vente fleire minuttar før vegen blei klar for bilar, slik at me kunne våga å stille dei opp slik biletet syner.

Ordførar Harald Rydland seier til fitjarposten.no at han skjønar godt elevane sin frustrasjon. Etter at han sende brevet til vegvesenet for berre nokre veker sidan, har han sendt 4-5 e-postar, og snakka med rette vedkomande i telefonen, utan at det har skjedd nokon ting. Det er mest så eg kan tenkja meg å stå saman med elevane om det blir aksjon!, seier han forarga over vegvesenet si haldning i denne saka.