Kultursjef Bente Bjelland har 100 000 kroner til utdeling til lag og organisasjonar. Men få søknader er så langt komne inn.

 – Kanskje dette ikkje er heilt  innarbeid enno. Tidlegare har me delt ut pengar etter kvart når nokon har hatt behov til spesielle formål. No er det snakk om eit generelt tilskot til drift som ein ikkje treng ein spesiell grunn for å søkja. Lag og organisasjonar må gjerne ta kontakt om dei treng meir informasjon – eller hjelp med søknaden, seier Bjelland.

Du kan søkja elektronisk her.

Søknadsfrist 1. oktober.