1. juni opnar «von Tangen fiskebar» i Fiskerimuseet i Sandviksbodene i Bergen. Menyomslaga i fiskeskinn er laga av Bjørg Strømme. På biletet ser me Bjørg med menyomslag i skinn av steinbit, laks og torsk. Foto: Håkon C. Hartvedt

 Eigar av den nye restauranten er Eric Saudan, og han er ikkje nokon kvensomhelst. Han er fjerde generasjons eigar av sagnomsuste Bellevue, eller «Lyststedet Bellevue» som det eigentleg heiter. I tillegg driv han «Fløyen Folkerestaurant», «Bryggen Tracteursted» og «Spisestedet Trodhaugen». Sjå gjerne www.bellevue.no.

Han er strålande nøgd med Strømme sine menyomslag som er laga av skinn av torsk, steinbit og laks.

-Ho jobbar med fiskeskinn på ein fantastisk måte, eg synest resultatet er veldig vakkert – og så er ho ei skikkeleg fin dame, seier han entusiastisk.

Til Island etter meir skinn
Bjørg Strømme er fortel at ho er svært glad for dette spennande oppdraget og at det heile har gått i rekordfart. Å fullføre oppdraget var heller ikkje utan utfordringar.

Etter å ha laga nokre prototypar, fekk ho ordren.  Men ho hadde for lite skinn.

-Då reiste eg eins ærend til Island for å kjøpe meir. Reiste 18. mai og tilbake 19.  – og  21. mai kom eg i gang med arbeidet. Men no er eg nesten ferdig, og eg leverer til helga, sa Bjørg då fitjarposten.no snakka med ho i går.

Menyomslaga er laga slik at restauranten sjølv kan putte inn og skifte ut menyane i A4, bretta som langs, slik biletet illustrerer. Foto: Håkon C. Hartvedt