Det har vore svært internasjonalt på Fitjar Camping så langt i sommar. Og fredag ettermiddag serverte dei fin fitjarreklame på NRK. T.h. Kristine og Randi Dalen.  Foto: Håkon C. Hartvedt

-Ja, me vart ringt opp på føremiddagen av NRK som spurde om me ville vere med i sendinga, og så ringte dei opp att når programmet gjekk, smiler Randi Dalen, og forset:

-Eg hadde laga ein lang liste på kva eg skulle seie, men minuttane gjekk så fort at det var mykje eg ikkje fekk med.

Ho fortel at ho mellom anna ville ha snakka meir om fjellet, om padling og fitjarøyane.
Men mykje godt vart likevel sagt om både campingen og Fitjar, synest me.

Når me så spør litt nærare om kvar dei utanlandske gjestane kjem ifrå, ramsar Randi og dottera Kristine Dalen spontant opp plassar som: Calgary, Vancouver, Færøyane, Tyskland, New Jersey, Nederland (spesielt mange syklister herifrå), Sverige, Danmark, Frankrike, Italia, Polen, Latvia, Litauen…

Me stoppar der.

Fleire turistar, frå fleire land, kjem seinare i sommar.

Mange av turistane finn vegen til Fitjar Camping gjennom besøk på nettet. Til dømes  gjennom fitjarcamping.no og visitnorway.no.

Ein del har òg funne vegen til dei gjennom tips frå ferjemannskap.

Hovudsesongen til Fitjar Camping er mellom april og september, men bubilar kan koma heile året.

Vakkert ved Fitjar Camping i går. Foto: Håkon C. Hartvedt