Fylkesrådmannen har gjeve framlegg om at Fitjar vgs skal leggjast ned, men rektor Leif Helge Engelsen har ikkje mista trua på eit liv for FVGS etter endeleg avgjerd i Fylkestinget 12.-13. mars.

– Eg tek framlegget frå fylkesrådmannen til etterretning, men eg har likevel god tru på at fylkespolitikarane går for framlegget om styrkje Fitjar vgs. Me har hatt ein god dialog, og me meiner me har fått fram det viktige fråfallsperspektivet, seier Engelsen til fitjarposten.no.

Med fråfallsperspektivet meiner han problemet med alle ungdomane som fell frå vidaregåande utdanning.

– Me meiner det er mykje mindre sjanse for det på ein skule som vår enn på ein med fleire gonger så mange elevar. Samstundes er me ein skule med sterk tradisjon for å setje sterkt fokus på både trivsel og læring, legg han til.

Engelsen har god grunn til å tenkje slik. Trivsel har i mange år vore eit varemerke for Fitjar vgs, noko mellom anna kull etter kull med elevar har gjeve uttrykk for overfor fitjarposten.no.