– Det har vore stille og roleg, men Utøya-massakren prega òg Fitjar, seier varaordførar Gisle Levåg. Han fungerer for tida som ordførar i Fitjar medan Harald Rydland er på ferie.

– Når det forferdelege skjedde på Utøya, vart òg Fitjar kommune beden om å gjera ein del minnetiltak. Me handla sjølvsagt etter det, med flagging på halv stong og minneprotokoll i Rådhuset. Det var ikkje vanskeleg å sjå at òg fitjarfolket var prega av uhendinga.

Elles har det vore ei stille og roleg tid, og det har gått greitt.

– Eg var vikar då ordføraren hadde farspermisjon for ei tid tilbake, så eg visste kva eg gjekk til, let Levåg vidare, og skryt så av Fitjar Festivalen.

– Når det gjeld festivalen som òg kom i denne perioden, er eg ikkje minst svært imponert over dugnadsinnsatsen. Folkelivet på kaien på laurdagen var storarta.

Etter tre periodar i kommunestyret, trekkjer Gisle Levåg seg no ut av politikken. I alle fall for ein periode.

– Eg har framleis interesse for samfunnsarbeid, og eg kjem nok til å sakna engasjementet og den gode debatten, seier fungerande ordførar, Gisle Levåg, til slutt.