Odd Harald Turøy på Fitjar blir å sjå på Norge Rundt førstkomande fradag. Skjermbilde: Espen Nordfonn/Abstrakt media

NRK fatta interesse for restaureringa av den 141 år gammal fraktebåten som ligg til land i Sagvåg.

Odd Harald Turøy frå Fitjar kjøpte den vakre fraktebåten «Axel» for 12 år sidan, og har sidan putla på for å få fartøyet tilbake til fordums prakt.

– Båten er bygd i 1878, og er ein av dei eldste stålfraktebåtane som framleis er igjen i landet, fortel 44-åringen.

Turøy har i meir enn ti år halde på å restaurere båten, som ligg til kai ved Vikanes i Sagvåg. Nyleg blei han kontakta av NRK, som har gjort opptak til Norge Rundt.

– Dei syntes det gamle fartøyet var veldig interessant. Me har vore ute på fjorden, og det kjem på Norge Rundt førstkomande fredag.

Ville ha blitt kondemnert

Den 62 fot lange båten kjøpte han i 2007 av ein fraktebåtreiar som haldt til på Lepsøy i Os, og han trur ikkje båten hadde eksistert i dag dersom ingen hadde gidda å starte på restaureringsarbeidet.

– Det var veldig mykje rust på båten då eg kjøpte han, og var preg av forfall. Han hadde vel blitt kondemnert viss ikkje eg hadde overteke.

No, 12 år seinare er situasjonen ein annan.

- Annonse -

– Den ser ut som eit smykke utvendig, men innvendig er det framleis ein del ting å gjere. Men dette er er eit arbeid eg synest er veldig kjekt å halde på med om våren om sommaren, seier Turøy.

Foto: Espen Nordfonn/Abstrakt media

Historisk sus

Fitjarbuen, som til dagleg jobbar som tømrar og deltidsbrannmann, fortel at han set stor pris på å restaurere ein båt som har eit historisk sus over seg.

– Båten har hatt namnet Axel heilt sidan den vart bygd i Gøteborg i 1878. Det er det same året som Josef Stalin vart fødd. Det har vore den første båten som frakta passasjerar mellom Horten og Moss, og har ein veldig lang historie, fortel 44-åringen.

Fitjarbuen har har vore med båten på veteranbåttreffet Fjordsteam i 2018, og var på kystkulturdagane på Sandøy før sommaren.

– Det er veldig kjekt å kunna vise fram båten for folk.

Turøy har også fått Espen Nordfonn til å lage ein minidokumentar om fartøyet. Den kan du sjå under.