Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Fitjar Idrettslag får lov til å setja opp ny tidtakerbu på Fitjar Idrettspark

Fitjar kommune har gitt Fitjar Idrettslag løyve til å setja opp ny tidtakerbu på same staden som den gamle står.

– Kommunen har fått opplysningar om at dette er ei eldre billettbu, der vindauge blant anna er knust. Denne må fjernast før ny bu vert sett opp, skriv Fitjar kommune.

Bua kjem ikkje i konflikt med høgspent kraftline, og heller ikkje vass- og avløpsleidningar. Og ligg heller ikkje i eit område som er skred- og flaumutsett.

– Det ligg ikkje føre fare eller vesentleg ulempe som følgje av andre natur- og miljøforhold, skriv kommunen.

Den nye tidtakerbua i to etasjar skal setjast opp av Engevik & Tislevoll.

La oss håpa på betre tider, og ein Idrettspark full av liv att, med ny tidtakerbu!