Alle som sløkkjer lyset i kveld mellom klokka 20.30 og 21.30 er med på noko stort.

Mørklagde bustadområde vil vise at me støttar opp om markeringa mot klimaendringar. Den omtala timen laurdag kveld vert kalla Earth Hour, og kvar siste dag i mars sidan 2007 har den blitt markert rundt om i verda.

Deltakinga har auka år for år, og no er 116 land med i kampanjen. Det er WWF (World Wild Fund for Nature) som står bak tiltaket. I dagspressa står det namn på verksemder som vil delta dette året, og der er blant anna Ikea, H & M og Posten nemnde. Kjende bygningar rundt om i landet skal òg vere med på aksjonen, til dømes Slottet, Stortinget, Ishavskatedralen og Gamlehaugen i Bergen.

Slik me har forstått det, må kommunar og verksemder melde seg på på førehand. Til no har 174 kommunar sagt ja til å delta. I Førde kommune (Sunnfjord) skal kyrkjeklokkene ringe inn til klimatimen. I Arendal deler dei ut te-ljos i sentrum. Fitjar kommune ser ikkje ut til å vere med, men innbyggjarane kan likevel støtte opp.

Det er eigentleg enkelt å mørkleggje heile huset. Eit lite stearinljos skaper god stemning, og det kan bli ein time med god prat og tid for kvarandre. Samtidig sparer ein straum og viser vilje til å kjempe for klimaet. Tenk på at du er med på klimakampanje saman med folk over heile verda.

31. mars i fjor vart me oppringde av gode vener som påpeika at ljoset ikkje var sløkt.

Gjer me noko anna i år?