Fijtar IL har lege høgt på idrettsmerkestatistikken dei siste åra, og oppmdar no etternølarane om å få fingen ut.

I dag – skitnesøndag – samlast ein gjeng på for å få unnagjort dei siste øvingane. Og Fitjar Idrettslag kan føra seks nye idrettmerke inn i protokollen for 2011. Frost og klakje på idrettbanen greidde ikkje å hindra dei ivrige idrettsfolka i å nå målet. Ingen av deltakarane såg ut til å ha synderlege problem med krava.

No er det berre to veker att av året, og for dei som enno ikkje er ferdige, begynner det å hasta. Om Fitjar IL skal nå same talet som i fjor – 82 – må desse skunda seg og gjera seg ferdige med merket. Dei som har vore for opptekne med julevasken i dag, kan møta opp på idrettsbanen torsdag 29. desember kl. 13.00. Og dei som ikkje har tid då heller, kan stilla opp på nyårsaftan kl. 13.00. Men det er absolutt siste frist!