Fitjar Idrettslag ønskjer å få flest mogleg til å ta idrettsmerket, og arrangerer merkeprøvar i Fitjar Idrettspark både søndag og nyårsaftan.

Tradisjonen tru gjer eldsjelene i Fitjar Idrettslag ein ekstra innsats rett før årsskiftet for å få etternølarane gjennom nålauga. Klokka 12.00 i morgon, søndag, og nyårsftan står røynde merkekontrollørar klare med stoppeklokker og målband på idrettsbanen.

På nettsida til Fitjar Idrettslag kan du lesa sjølv om du er blant dei 33 som så langt er registrerte som idrettsmerketakarar i år. I tillegg til desse er det nesten like mange som berre har ei eller to øvingar att. Dersom du veit om andre som har klart krava, kan du senda melding til prøvenemnda.

Idrettslaget håper å nå opp i same talet som i fjor, 90, men då er dei kanskje avhengige av at nettopp DU tar turen til idrettsparken i morgon eller på nyårsaftan. Om ikkje tida høver, kan du gjera avtale med nokon i prøvenemnda.