Fungerande ordførar Sigurd Andre Maraas svarar på kritikken. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Fungerande ordførar Sigurd Andre Maraas meiner lege Waleed Brisam ikkje har følgt godt nok med i timen om han meiner dei tilsette i helse- og omsorgssektoren ikkje er blitt takka for jobben dei gjorde under koronakrisa.

Tidlegare kommuneoverlege i Fitjar, Waleed Brisam, retta i går kritikk mot Fitjar kommune i eit lesarbrev. Han meiner kommunen ikkje har takka dei tilsette i helse- og omsorgssektoren for jobben dei gjorde under koronakrisa.

Fungerande ordførar Sigurd Andre Maraas (FrP) er ikkje einig i Brisam sine ytringar, og ynskjer å tilbakevisa påstanden.

– Politikarar og administrasjon har ved fleire høve takka for jobben som vart gjort under koronakrisa. Me er, og vil alltid vera, takknemlege for jobben alle dei tilsette i kommunen gjer, både i krisetid og til vanleg, seier han over telefon til Fitjarposten.

Viser til fleire høve

Han viser til fleire konkrete høve, og trur Brisam må ha sove i timen:

– 1. april vitja ordførar Harald Rydland og rådmann Olaug Haugen Fitjar bu- og behandlingssenter. Dei takka for den eineståande jobben dei gjorde med å få oss gjennom elddåpen, etter at ein tilsett testa positivt for korona-viruset.

– I fleire politiske møte har me diskutert den gode jobben dei har gjort, og i siste kommunestyret før sommaren løyvde me 100.000 kroner av fjorårets mindreforbruk til kommunen sin velferdsklubb. Dette var ein takk frå alle politikarane, og velferdsklubben har gått ut og takka stort for midlane.

– Kriseleiinga sendte ut gode tilbakemeldingar, som leiarar og mellomleiarar formidla med seg vidare. Me gjekk ogso ut og takka alle innbyggjarane i Fitjar for at dei hadde vore flinke til å følgja smittevernstiltaka. I tillegg sendte rådmannen ut eit takkebrev til alle dei tilsette i kommunen no den 19. juni. Der takka ho alle for jobben som vart gjort, fortel Maraas.

Har snakka med tilsette

Fungerande ordførar Maraas fortel at han personleg har snakka med fleire tilsette i kommunen etter Brisam sitt lesarbrev kom på trykk.

– Dei eg har snakka med, kjenner seg ikkje att i Brisam sin kritikk. Dei fortel meg at dei føler seg verdsatt, og at Brisam bommar med sine påstandar.

Maraas håpar at alle dei tilsette føler seg verdsatt, og fortel med handa på hjarta at han er takknemleg.

– Eg vågar å påstå at eg har alle politikarane i ryggen når eg seier det, avsluttar han.