Frå i dag er det lov å kjøra med piggdekk, og det er på tide å sko bilen for vinteren.

Vinteren har meldt sin ankomst, og fleire av oss har allereie vore ute og segla på glatta. Dei som har piggfrie vinterdekk, har ikkje hatt noka unnskyldning for ikkje å sko seg for vinteren. For dei med piggdekk, er det litt vanskelegare, men frå i dag, treng dei ikkje vinterføre eller planar om å kjøra til fjells for å setja på vinterdekka.

Sjølv om det ikkje er snø på vegen, er temperaturen ofte under +5 grader hos oss om hausten, og då er det ikkje lenger trygt å kjøra på sommardekk. Likevel er det mange som ventar til den første snøen har falle, og me får det same kaoset i trafikken kvart år. Dei fleste ulykkene skjer ved det første snøfallet. No er det i alle høve ingen grunn til å venta med å skifta dekk.

På nettsida til Pressenytt finn me desse gode råda for oss som skiftar hjul sjølve:

  • Sørg for at kroppen er varm før du begynner.
  • Set bilen på eit plant underlag.
  • Forviss deg om at du jekkar opp bilen på punkt som toler belastninga.
  • Rør deg aldri under ein bil som berre står på jekk.
  • Løys boltane før du begynner å løfta bilen for alvor.
  • Sjekk om dekka har ei bestemt rulleretning.
  • Forviss deg om at du bruker boltane som høyrer til.
  • Sørg for å montera eventuelle sentreringsringar riktig. Feilmontering forårsakar ubalanse i hjula.
  • Felgane skal trekkjast til med moment. For hardt tiltrekte felgar kan bli øydelagde eller bli vanskelege å få av igjen.
  • Husk å ettertrekkja hjulboltane. Elles risikerer du å mista hjul.
  • Mange skadar også bilen med jekken under hjulskift, noko som over tid kan forårsaka store rustskader.

Hos Dekksperten fann me denne 10-punktssjekken:

1. Mønsterdjupna på vinterdekk må vera minst 3 mm. Men 4 mm blir tilrådd.
2. Skift til vinterdekk før temperaturen når frysepunktet.
3. Hugs 10 % meir luft i vinterdekk enn i sommardekk.
4. Innkjøring av piggdekk. Unngå brå akselerasjon og bremsing dei første 250 km.
5. Rulleretning. Brukte piggdekk må moterast med same retning som sist dei var på bilen.
6. Hugs ettertrekking. Boltar og mutrar må ettertrekkast etter 50-100 km.
7. Sjekk reservehjulet. Hugs å sjekka reservehjulet regelmessig for lufttrykk, alder og mønsterdjupn.
8. Monter dei beste dekka bak! I kritiske situasjonar er det ein fordel å ha dei beste dekka bak.
9. Rett lagring. Vask dekka først, og lagra dei tørt, mørkt og kjølig.
10.Skift alle dekka samtidig. Kjører du med forhjusdrift er det sikrast å skifta alle dekka samtidig.  

Hos JKS Bil og Deler på Fitjar gjer dei sitt beste for å hjelpa folk med dekkskift. Dei skaffar det meste av det kundane ber om. Sjølv om dei ikkje fører eit stort dekklager, klarer dei å levera nye vinterdekk i løpet av nokre timar eller ein dag. Så det er ingen grunn til å venta – vintersesongen er her!